Ny oppvekstplan for Lister 2021 - 2025
.png)
Planen skal vera ei rettesnor og eit framtidsbilete for tilstanden i barnehagar og grunnskular i 2025, kva for satsingsområde som skal vera felles for Listerregionen og tiltak for å kome dit.
Arbeidet med planen har vore leia av ei arbeidsgruppe beståande av fire representantar frå Barnehage- og skulenettverket i regionen, der to representantar har skulefagleg bakgrunn og to representantar har barnehagefagleg bakgrunn. I tillegg har arbeidsgruppa bestått av ein tillitsvald frå Utdanningsforbundet, ein representant frå PPT og ein representant frå LPS. Arbeidsgruppa har jamleg rapportert tilbake til Barnehage- og skulenettverket for å få innspel. Ein representant frå nettverket og ein representant frå LPS har hatt ansvar for å skriva planen.
Planen skal danna ei bru mellom Regionplan Agder 2030, Regionplan Lister 2030, kommunale planar i Listerkommunane og felles tiltak for kompetanseheving i barnehagar, grunnskular og PPT.